Hellbillies til Tysnesfest-isj

Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match!

Sidan dei i 2020 skulle feira 30 års jubileum var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret! 2020 blei corona-avlyst, og det blei jo eigentleg 2021 og, men me har ordna det slik at me feirer 30 års jubileet eit år forsinka likevel.

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistane i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.

Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

I 2016 slapp dei sitt foreløpig siste album, «Søvnlaus». Hellbillies har gitt ut ti studioalbum og fire konsertplater i tillegg til eit samlealbum. Dei fleste har solgt til gull eller platina. Bandet har vunnet tre spelemannsprisar, og blei mellom anna kåra til Årets spellemann i 2007.

Hellbillies speler på E-brygga under Tysnesfest-isj laurdag 10. juli.