Highasakite til Tysnesfest-isj

Highasakite er kanskje eit dei banda i Norge som er aller best på å fanga deg i ein verden av magiske tonar og kjensler.

iTromsø.no oppsummerte konserten dei hadde i førre utselte turnè slik: “Det mest helhetlige og gjennomført storslåtte man finner blant norske band i popsegmentet.”

I Februar 2019 slapp bandet albumet Uranium Heart, til fantastiske anmeldelsar, blant anna terningkast 5 i Aftenposten og Dagsavisen. Ein skal ikkje høyra så lenge på radio før ein får med seg at Highasakite har mange låtar inne i A-listene til fleire radiokanalar. 

Covid har sett ein effektiv stoppar for dei aller fleste større konsertane til Highasakite, men dei har brukt det siste året godt, og har skreve ny musikk, men også omarrangert ei rekke låtar til fantastiske og nye versjoner for ein svært eksklusiv turné.

Highasakite har blitt eit av våre aller mest folkekjære band, og dei har toppa plakaten på alle dei store norske festivalane. Dei har vunne flust med prisar, opptredd på Nobelkonserten, og turnert verden over fleire gonger.

Ein av dei store norske festivalane Highasakite har besøkt før er Tysnesfest, og no gler me oss verkeleg til å ta imot dei igjen til Tysnesfest-isj!

Highasakite speler på E-brygga fredag 9. juli 2021