Oversikt over billettar til Tysnesfest-isj

Her kjem ein oversikt med informasjon og prisar til årets happening! Les deg grundig opp her så stiller du sterkare når billettane blir lagt ut!

NB: Det er venta stort trykk på billettane til Tysnesfest-isj samtidig som det er svært få billettar tilgjengeleg. Om du ikkje får tak i billetten du vil ha håpa me at du kjem tilbake i 2022, når me verkeleg skal visa fram vår heilt nye arena, og festivalen skal skina som aldri før! 

Dagspass og båt/overnattingsjest i båt blir lagt ut på nett og lokalt klokka 10.00 torsdag 10. juni. 
Alle andre billettar blir lagt ut klokka 10.00 fredag 11. juni.

Konsertar på E-brygga: 

Midt i Våge Hamn ligg E-brygga. Her vil det under Tysnesfest-isj vere eit inngjerda område der me held konsert torsdag, fredag og laurdag. Det vil bli eit maxtak på 200 publikummarar pr. dag, og me sel kun dagspass til desse. Det vil seie, du kjøper tilgang til dei dagane du ynskjer å gå. Det er ikkje festivalpass som dekker alle dagane.

Dørene opnar klokka 17.30, og fyrste konsert startar 18.30. Konsertområdet stenger klokka 22.30 Inne på området er det servering.

Pris pr. dagspass: 690kr. Online er det begrensing på max 3 billettar pr. dag.
Lokalt i flytenaustet er begrensinga på 5 billettar pr. dag. 

  • Alle må kjøpe billett etter fyrstemann-til-mølla prinsippet.
  • Ingen fri- eller sponsorbillettar i år grunna smittevern og svært begrensa tal på billettar for sal.
  • Ta kontakt på post@tysnesfest.no om du har ledsagerbevis og ynskjer ledsagerbillett.
  • Det blir ei maksgrense på 200 billettar pr. konsertkveld.
  • Halvparten av billettane blir berre tilgjengeleg for lokalsalg i flytenaustet i Våge frå klokka 10.00 torsdag 10. juni.
  • NB: På grunn av smittevern er det ikkje mogleg å betale med kontantar i flytenaustet. Kun kort. Det vert heller ikkje gitt ut fysisk billett, berre på sms og epost.
  • Det er fri aldersgrense på konsertområdet, men i år må alle kjøpe billett. Også dei minste. Born/ungdom under 18 år i følgje med føresett , forelder, eller med person over 30 år.

Hamneavgift: 

For å bu i hamna må du betala for adgang her. Båt inkludert eigar/kaptein koster 650kr, og overnattingsgjest i båten koster 500kr. Prisen gjeld for heile festivalen, altså torsdag til søndag. Kjem du seinare enn torsdag, eller berre skal ligge ei natt er prisen den same. 

  • Båtplassen kostar kr 650.- uavhengig av storleik på båten, og inkluderer kapteinen
  • Den som kjøper båtplass, må ha dagspass til enten torsdag, fredag eller laurdag
  • Overnattingsgjest i båt kostar kr 500.- pr. person, og gjeld heile perioden frå torsdag til søndag. Det er ikkje nødvendig med konsertbillett for overnattingsgjest i båt.
  • Hamnegjestene skal retta seg etter instruks frå hamnevakt
  • Etter klokka 18.00 kjem ein ikkje ned på hamneanlegget utan gyldige billettar.

Eksempel: Båtplass og kaptein + 2 passasjerar -> 650kr+(500*2personar)= 1650kr

Båtplass er berre tilgjengeleg som tilvalg når du kjøper ditt dagspass, eller ved å legge inn referansekode frå kjøp av konsertbillett. NB: Det blir på grunn av covid-19 restriksjonar eit lavt tal båtar i hamna i år. Det blir fyrstemann til mølla prinsippet, og om du berre får tak i konsertbillett, men ingen hamnebillett eller omvendt gjev ikkje dette rett til refusjon. 

Det vert og eit maxtak på kor mange personar som kan bu/opphalde seg i hamna. Pr. båt skal makstalet begrensast i hht. gjeldande nasjonale covid-reglar.