Soloppgangskonsert med Ruben <3

Ja du leste rett! Det blir i år solOPPgangskonsert på Tysnessåto!

Tysnesfest har sidan 2014 hatt ein årleg tradisjon i å arrangera konsert på Tysnessåto 753moh. Kvar einaste konsert har vore magisk på sine eigne vis, alt frå Oslo Ess i full sol og 25 varmegrader, via Sondre Justad i full skodde og 8 varmegrader til publikumsrekord i 2018 der Bigbang trollbandt 2500 fjellvandrarar. 
Me har lenge hatt ein draum om å gjennomføra soloppgangskonsert under festivalen, og i år bestemte me oss.

Klokka 04.00 torsdag morgon (natt til torsdag altså) kjem Ruben for å gje deg ein heilt fantastisk semiakustisk konsert! 

Det vil i år for fyrste gong bli selt billettar til såtekonserten. Billettinntektene frå konserten vil bli gjeve som bidrag til Sherpatrappene som skal byggjast opp stien frå Myrdal. 

Ruben er eit ungt talent frå vesle Barkøy i Nord-Norge som på kort tid har befesta seg som eit av Norges store pophåp med meir enn 300 millionar strøymingar og samtlige hitsinglar har plassert seg i spelelistene til svært mange både i og utanfor Norge. 

Ruben vann sin fyrste spellemannspris for “Årets Låt” i 2020 med “Lay By Me”, og hadde nyleg eit samarbeid med Alan Walker på låten “Heading Home”.