Billettslepp fredag 11. juni

Fredag 11. juni klokka 10.00 legg me ut nye billettar til Tysnesfest-isj

Soloppgangskonsert med Ruben på Tysnessåta:

Det vert lagt ut 200 billettar til Kohort 1. Hvis me kjem inn i trinn 3 i gjenåpningsplanen for Norge i god tid før festivalen vil me opne opp for Kohort 2 med 200 nye billettar. Det ser no ut til at det kan skje 17. juni :)Prisen pr. billett er 200kr, og det er maks 5 billettar pr. kjøp. 


Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar.

MS Midthordland»tar deg med på ei musikalsk reise i vår vakre skjærgård. Om bord kan du nyta heftige bluestonar og leska strupen med noko godt

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003 som Tysnes Bluesband, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid. Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Avgang fredag 9. juli: Klokka 14.00 eller 16.30 – Pris pr. person: 450kr, maks 5 billettar pr. kjøp!

NB: Det er kun 50 billettar tilgjengeleg pr. avgang. 


 

Døds Challenge Tysnes

 

Tysnesfest og The International Døds Federation inviterer igjen til Døds Challange Tysnesfest! Døds Challenge Tysnes blei i 2019 ein verkeleg snakkis! Dødsarar frå Noreg, Sverige, Finland og Spania gav verkeleg alt, og publikum flokka seg på E-brygga i festivalhamna.

 

Laurdag 10. juli skjer det igjen! Det gamle og ærverdige Veteranskipet M/S Sunnhordland blir bygga om til kanskje den heftigaste dødserampen i verda. Iallefall den mest spesielle!

Her får du sjå den absolutte verdselita gjera krumspring i lufta som ein ikkje skulle tru var mogleg! Berre dei tøffaste av dei tøffe vågar seg utpå i denne galskapen.

 

Pris for billettar til publikumsområdet: 100kr pr. person. Maks 5 billettar pr. kjøp.