Fem fantastiske artistar er klare for Tysnesfest 2022!

CC Cowboys, TIX, Staysman, Synne Vo og Halva Priset er klar for Tysnesfest 2022

Med vind i segla, full fart framover og stø kurs mot ein koronafri kvardag, er kulturfyrtårnet Tysnesfest endelig klar med sitt fyrste artistslepp av mange gjennom denne vinteren! Me legg samtidig ut festivalpass, dagspass og camping- og hamnebillettar!


CC Cowboys

Dei er levende legender i norsk rock, og dei var eigentleg booka til Tysnesfest 2020 som blei avlyst. Heldigvis fekk me booka dei til TF22!

Det skulle vera nok å nemna låtar som «Vill, vakker & våt», «Tigergutt» og «Harry». CC Cowboys har dominert norsk rock med utallige kjempehits dei siste 30 åra.

Dei har heile tida vore garantistar for norsk rock av ypperste kvalitet, har oppnådd ei rekkje utmerkingar og hatt tusenvis av spelejobbar.

«CC Cowboys er eit band som har hatt en høg marsjfart – lenge. Me er ei klokke som står stille. Me går riktig to gonger i døgnet. Me definerer ingenting lengre. Me er ikkje den nye vinen. Me er eit av dei gamle banda som aldri gjev opp. Me er dei som berre fortset og fortset. Me er CC Cowboys» – Magnus Grønneberg.

Dei er høgaktuelle no, og slapp for nokre dagar sidan ny singel, “Gamlebyen” og kanskje det er eit hint om enda meir godsaker på veg?

CC Cowboys gjesta Tysnesfest sist i 2012, og det er ei sann glede å ønska dei velkommen tilbake til nye Gjerstad arena i 2022!


Synne Vo

Me var så heldige å få besøk av Synne Vo under vår minifestival Tysnesfest-isj i år, og då me såg ho på scena booka me ho allereie same kveld til Tysnesfest 2022!

Synne Vo er ein 22 år gammel artist og låtskrivar fra Lesja i Gudbrandsdalen. Med sin sjarmerende dialekt formidlar ho kvardagslege tekstar i eit organisk og fengande lydbilde. Eit framifrå friskt pust på den norske popmusikk-scena, og ein artist me kjem til å høyre mykje frå i framtida.

Synne deler historiar frå eit ungpike-liv med relaterbare opplevingar og tankar. Her treff me sekstenåringen som blir full på pappas gin, ein kan kjenne på lengselen til heimstaden sin og staden ein var forelska for fyrste gong. Ho har brukt koronatida på å skapa hits som «Seksten», «Ikkje tenk på meg», «De e OK um du glømme me» og den siste låten hennar «Spagetti for to» som alle har gått på repeat hjå dei fleste nasjonale radiokanalane våre.

Me har stor tru på at Synne kjem til å gjere det stort i musikkbransjen og me gler oss enormt til å kunna ta imot ho på Gjerstad Arena neste sommar! 


Staysman

Sist Stian og gjengen hans var her inviterte dei til «Det sjukaste vorspielet», og sette med det rekord i tal publikummarar inne på Gjerstad arena klokka 19.00! Det var klart me måtte invitera dei igjen.

I 2022 tar Staysman med seg eit lass med hitar, eit lass med godstemning og eit LASS med pyro når dei kjem for å avslutta torsdagskvelden på Tysnesfest 2022.

Stian «Staysman» Thorbjørnsen treng truleg ingen nærare introduksjon, all den tid han gjennom dei siste åra har spela på omtrent alle både store og små scener i landet og figurert som programleiar i gullrekka på NRK, vore deltakar i realityprogram som blant anna Skal vi Danse og Farmen, og ikkje minst er han no programleiar for Allsang på Grensen saman med Kathrine Moholt.


TIX

Andreas Haukland skapte den karakteristiske figuren med solbriller, pels og panneband, og tok namnet TIX med bakgrunn i ein oppvekst prega av å bli plaga på grunn av sin diagnose Tourettes Syndrom. Han valde å ta eigarskap over eigen situasjon, gjorde tics om til TIX og sette seg som mål å bli Norges største artist.

Han er godt på veg mot å nå målet sitt, og han har oppnådd ganske utrulege avspelingstal på Spotify, Youtube og andre kanalar.

 

Tidleg i karrieren hans gav han ut fleire populære russelåtar, og i 2018 gav han ut sin fyrste ikkje-russelåt, «Shotgun», som har heile 24 millionar avspelingar på Spotify aleine. Han har og utmerka seg som ein stor låtskrivar i inn- og utland med verdshiten «Sweet but Psycho», som han laga saman med Ava Max. Denne låten har nesten 2 milliardar avspelingar på Spotify og Youtube.

I 2021 vann TIX Melodi Grand Prix, og blei Norge sin representant under Eurovision Song Contest med låten «Fallen Angel».

Med eit øyra for melodiar som er heilt unikt, og ei forståing for kva folket vil ha, har låtane hans blitt allemannseige akkurat som karakteren TIX og har blitt det.


Halva Priset

Vokalist og låtskrivar Petter Bjørklund Kristiansen valde å legga «Katastrofe» på hylla, og hadde sin avslutningskonsert i begynnelsen av 2020. Etter å ha levert hit etter hit i ei årrekke var det slutt.

Men det tok ikkje lang tid før saknet etter konsertscener, bygdefest og samhaldet med gjengen dukka opp. Så då var det berre ein ting å gjera. Han starta eit nytt band! Eller nytt og nytt, det er same gjengen som han har reist med dei siste åra.

Dei kalla seg Halva Priset, og reindyrkar elsken sin til alt som er betre utanfor storbyen, og då spesifikt utanfor Oslo. «Gi oss et festlokale så langt nord for Sinsen du kommer, så lover vi å sette fyr på lokalet med drikkeviser som får deg i godt humør»

 

Me er ikkje så veldig langt nord for Sinsen, men langt nok vest til å kunna oppnå full fyr på Gjerstad Arena når Halva Priset går på scenen!

«Jeg er født og oppvokst i Fredrikstad, mellom to bondegårder, i et skogholt i Onsøy – at jeg savner og skal tilbake dit, tror jeg man hører ganske godt i låtene. by:Larm, selvdyrket veganermat fra Grünerløkka og månedskort på trikken blir for meget for en enkel Østfolding. Og, ja – Østfolding. Ikke noe Viken-tull. Østfold heter det» – Petter.