Kjartanismen inntek Tysnesfest!

Kjartan Lauritzen tek med seg gjengen sin, bli med du og! Laurdag 9. juli 2022!

Per Áki Sigurdsson Kvikne, betre kjent som Kjartan Lauritzen – den humoristiske rapparen frå Balestrand – slapp tidlegare i vår sitt fyrste utgiving på meir enn to år. Etter å ha leika med tanken på å gje opp musikken for godt løsna det plutselig, og resultatet blei debutalbummet «Kjaranisme».

Albummet som han har jobba med i over to år, handlar i stor grad om korleis Per har blitt påvirka av karakteren Kjartan Lauritzen, på godt og vondt.

Eg vil ikkje lenger presentere ein unaturlig versjon av korleis eg sjølv er som person, og korleis eg har det med meg sjølv. Eg vil vise med dette albumet at det er lov å være glad, men at det også er lov å være usikker og trist, uten at det skal bli omtalt som mørkt eller kleint, fortel han.

Kjartan Lauritzen har alltid vore eit prosjekt som har omhandla alt som er positivt og fint i livet, sjølv om Per ikkje alltid har vore i same sinnstilstand so Kjartan har han måtta omstille seg når det var tid for å laga musikk.

Eg har måtte prøve å få meg sjølv til å tenke positivt og være glad, sjølv om eg kanskje ikkje var det akkurat den dagen eller veka eg måtte jobbe med musikk. Eg opplevde at det var veldig godt for meg å kunne gå inn i ein sone der eg virkelig måtte prøve å tenke på positive ting, morsomme ting og å være snill.

 Dette mindsettet håpar han at han kan klara å smitte andre med gjennom albummet «Kjartanisme». Nettopp av denne tankegangen oppstod og «religionen» under same namn som Kjartan lanserte før sumaren 2021. Kjartanisme handlar i korte trekk om å fylgja sine draumar og ha trua på seg sjølv. Meir enn 2000 melde seg inn allereie fyrste døgeret etter at «religionen» vart lansert.

Debutalbummet byr på både det kjente og kjære som Kjartan-fansen kjenner så godt, samtidig som det bærer preg av ein god del eksperimentering når han tek oss med på ein meir personleg stad i dei nye låtane.

– Eg håper folk som høyrer albumet kjenner på ulike følelser, men at dei sitter igjen med eit smil om munnen og tenker over at alt i alt så er livet ein ganske kul og fin ting.

10