Tre nye artistar til torsdagen!

Torsdag 7. juli 2022 blir ein konsertdag der alle artistane lett kunne vore nominert til Spellemannsprisen sin aller nyast kategori; «Festmusikk»!

Frå før er Staysman og Halva Priset lansert, og i dag dreg me opp heile tre nye artistar som skal sørge for god stemning og høg allsongfaktor på ein kveld me utvilsomt kan kalla ein hyllest til bygda! Plumbo, Hagle og Soppgirobygget er klare for å blåsa hatten av deg!

Plumbo

Plumbo (bandet altså) har eksistert sidan 2002, men det var med låten «Møkkamann» dei verkeleg slo gjennom. Låten som blei kåra til «Årets Låt» under Spellemann i 2011 har heile 25 millionar streams berre på Spotify aleine.

Bandet har vore ein del av festkulturen i Norge i mange år, men dei er og eit av veldig få norske band som ikkje har spelt på Tysnesfest enda. Det er på tide å gjera noko med det, så til sommaren kjem dei til Tysnes for å dra i gang torsdagskvelden!

Plumbo sine liveshow ryktast skal setja spor i publikum, og me trur Tysnesfest sitt publikum gler seg til ein heidundrandes kveld!

 

Hagle

Country-rap bandet Hagle kom som eit skot ut av Indre Østfold på tampen av 2020 og fortsatte signingsferda gjennom Norge i 2021! Dei legg seg ikkje på latsida, og planlegg store ting for festivalsommaren 2022.

Låtane handlar om rånemiljø og bygdakultur der dei vaks opp, så dei burde passa perfekt inn på Tysnesfest og. Den unike miksen av banjo, fele, trekkspel og rap har blitt omfavna av heile landet og alle bandets singlar har toppa listene på Spotify. Detta er musikk for deg med veteranbil med stort anlegg, og som heller går i klogger heller enn sneakers, og set allsong i framsetet. Eller for deg som har ein indre rånar som aldri kom heilt ut.

 

 

 

 

Soppgirobygget

Soppgirobygget har i fleire år vore med på å prega norske topplister med låtar som «Afterski», «Dommedagen» og «Øl, Øl og mere Øl». Duoen som «ingen» veit kven er, har millionar av streams på Spotify og byr alltid på eit rått show når dei står på scena. Torsdag 7. juli 2022 kjem dei til Tysnes med bagasjerommet fullt av hits, fest, pyro og trøkk!