Hellbillies

Det er berre to år sidan dei var her sist, men Hellbillies og Tysnesfest er perfekt match og sidan dei i 2020 skal feira 30 års jubileum var det ganske sjølvsagt at me skulle invitera dei tilbake i jubileumsåret!

Hellbillies er er eit av landets aller beste liveband, og dei har dominert hitlistane i Noreg sidan den forsiktige starten i 1990.

Monsterhiten «Den finaste eg veit» har over 25 millionar strøymingar på Spotify. Men det er ikkje den einaste låten dei er kjende for. «Ei krasafaren steinbu», «20 år på vegen», «Råka tå ei pil» og «Mørkemann» har alle vore høgt oppe på hitlistane og massivt spelt på radio.

I 2016 sleppte dei sitt foreløpig siste album, «Søvnlaus». Hellbillies har gitt ut ti studioalbum og fire konsertplater i tillegg til eit samlealbum. Dei fleste har solgt til gull eller platina. Bandet har vunnet tre spelemannsprisar, og blei mellom anna kåra til Årets spellemann i 2007.

Hellbillies består i dag av Aslag Haugen, Lars Håvard Haugen, Bjørn Gunnar Sando, Lars Christian Narum og Egil Stemkens.

Hellbillies speler på Gjerstad arena torsdag 9. juli.