Sirkus Lemaitre

 

Sirkuset kjem til Tysnesfest, men dette sirkuset inneheld ikkje klovnar!

I 2020 tek Lemaitre før fyrste gong med seg sitt omreisande «elektriske sirkus» ut på vegen i Norge for å levera det største showet dei har gjort her til lands nokonsinne. Sirkusvognene er fylt med nokre av generasjonens mest spanande artistar, ein komiker som sirkusdirektør, et live-band så stort at dei treng eigen buss, og bøtter med overraskingar. 

 

Frå sin base i Los Angeles har Lemaitre vore hoffleverandør av hits og hooks som du aldri gløymer. Det som har gjort dei til ein av dei mest spanande eksportartiklane Norge har, er det forrykande live-showet dei har turnert verda rundt og erobra scenar som Coachella og Lollapalooza. No står Noreg for tur, og for å vise kor hjarta til gutta ligg nærast, har dei planlagt noko heilt spesielt for oss med eit lass av fantastiske artistar i sirkustruppen. 


Under prosjektet Sushi X Kobe tok han Tysnesfest med storm, og varma opp for The Prodigy i 2018. Det var likevel under sitt eige namn EMIR han skulle få sin fyrste spellemannpris, og Akersgata slost om å hylle han mest. Med gjennombrotet «Mer av deg» bak seg er han no tilbake for fullt, og han slapp i haust «Midnight Rave» saman med Arif som viste seg å være ein mild forsmak på albumet «Det lille Ingenting» som han droppa i november 2019. Med sirkusbandet i ryggen er Emir klar til å rive ned arenaen!


I tillegg kjem Anna of the North, vokalisten som er elska av artistar som Tyler the Creator, G-Eazy og The Chainsmokers. Etter å ha vore på internasjonal musikkpresse sin radar for «det neste store fra Skandinavia» er ho no ute med sitt fantastiske album «Dream Girl»


For å «toppa heile driten» har også Isah frå Stavanger joina sirkustruppen! «Årets Nykommer» fra P3 GULL 2019 er på alle sine lepper etter sitt bidrag på Karpe sin «SAS PLUS/SAS PUSSY», ein jobb han gjorde så godt at dei like godt tok han med på heile den påfølgande klubbturneen sin. Han betraktes som den kanskje mest spanande urban-artisten i Norge om dagen, og når han fulgte opp Karpe-samarbeidet med singelen «HALLO» blei den streama meir enn ein million gonger på nokre få veker, og den vann «Årets Låt» under P3 GULL 2019. 


For at det ikkje skal vera noko tvil om at dette ikkje berre er ein vanlig konsert, vil sirkuset bli sparka igang med stand-up frå Norges mest spanande up-and-coming komiker og sirkusdirektør Josef Jonis. Han vil og opptre vidare mellom artistane slik at det aldri blir eit kjedelig øyeblikk! 


Gitarist og P3-profil Markus Neby vil leia eit band beståande av nokre av dei beste live-musikarane her til lands, og komplettert med full blåserekke vil dei sørge for eit trøkk du garantert kjenner når du våkner dagen etterpå.