Stavangerkameratene

Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene. Me har lenge prøvd å få tak i dei, og endeleg klaffa det med kalenderen deiras! Tysnesfest 2020 får besøk av gjengen frå Stavanger, og snart kan du synga med på hits som «Bare så du vett det», «Vil du shalala» og «Vekk meg opp» runga over Gjerstad Arena.

Det unike samarbeidet «Stavangerkameratene» oppstod i Stavanger sommaren 2015 då Kjartan, Tommy, Glenn og Ole Alexander skulle opptre på opninga av Volleyball-VM. I det dei gjekk på scena sa konfransier Stian Blipp: «Det er litt fristende å kalle dei Stavangerkameratene» og etter det har navnet blitt hengande ved dei. «Me har mykje sjølvironi, så det er berre deilig når det blir litt halvkleint, dessutan er det ikkje kvar dag ein blir døypt av sjølvaste Stian Blipp» Seier Tommy Fredvang.

Gled deg til ein fantastisk kjekk fredag 10. juli 2020!