Staysman & Lazz

I 2019 kjørte me i gang eit stunt som verkeleg gav meirsmak! Me inviterte til «Det sjukaste vorspielet» på Gjerstad, og det vart verkeleg ein hit! Fleire tusen menneske dukka opp klokka 19.00 når Staysman&Lazz drog i gang kvelden! Det gav faktisk såpass meirsmak at me rett og slett har invitert dei tilbake i 2021 for å gjenta suksessen! 

I år tar gjengen med seg sjølvaste Vidar Villa og hans velfylte bag med hits!

Staysman&Lazz er ein norsk duo beståande av Stian Thorbjørnsen og Lasse Jensen. Dei har herja både hitlister, festivalar og klubbar dei siste åra, og har vore med på omtrent alt som går an å være med på i underhaldningsbransjen. I mars i år klarte dei kunststykket å fylla Oslo Spektrum då dei arrangerte «Den sykeste festen». Rølpen er definitivt ein bestselgar, og Staysman&Lazz er sjølve definisjonen på rølp 😉