Vidar Villa

 

Vidar Villa er ein av noregs største norskspråkelege artistar, med rundt 70 millioner streams på Spotify og utselde konsertar over heile landet. Gjennombruddet kom med superhiten ‘One Night Stand’ som låg i toppen av VG-lista og Spotifylistene heile sommeren 2017.

Sidan den gong har han motteke gull- og platinatroféer for låter som blant anna «Et Par Rolige Shots Med Gutta», «Herregud», «Sjalu», «Jenter» og «Moren Din».

Vidar Villa skriv all sin musikk sjølv, saman med låtskrivarkollega Jonas Thomassen og resten av bandet sitt. Dei fokuserer på humoristiske tekstar, og tidlause fengande poplåtar med eit organisk uttrykk, med kassegitarar og akustisk perkusjon i sentrum. Saman turnerer dei landet med sin sterke låtkatalog og sitt solide live-show.

På Tysnesfest 2021 kan du oppleva Vidar Villa saman med Staysman & Lazz som ein del av «Det sjukaste Vorspielet» laurdag 10. juli fyrst ut på Gjerstad arena.