Vinskvetten

Me har prøvd i alle år, men festivalen vår har vanlegvis kollidert med ferien te Belberten. Difor er det med enorm glede og ikkje så lite stoltheit me kan fortelja at legendariske Vinskvetten endeleg kjem te Tysnesfest!

Vinskvetten blei starta som ein revy i Salhus lenge før Tysnesfest var påtenkt. Ja, dei fleste som starta festivalen vår var ikkje påtenkt ein gong. Så det er eit band med ein fantastisk lang karriere bak seg som no kjem til Gjerstad arena.

Eventyret starta allerede i 1975. Mange av tekstene til Vinskvetten er knytta til eit eige univers, bygda Rothåla.

Du kan gle deg til klassikarar som «Ronny Bruvik», «No e da helg», «Dans på Grasdal» og «Tjo og Hei og Duddelidei».

Etter lang tid med skriving, komponering og innspeling er karane no klare for vegen igjen. I august slapp dei plata «Dei Fem UiMotSlåelege», som blei godt mottatt av både presse og publikum. Torsdag 17. oktober 2019 var det premiere på den nye forestillinga deira, «Mysteriet på Ullaloftet» på Ricks teater i Bergen.

Nokre av medlemmene i gruppa har vore hos oss før saman med Ausekarane, og då har det vore fullt hus og stormande jubel i Bermudateltet.  

Vinskvetten består av Bjørn Jensen, Gunnar Låstad, Jarle Farestveit, Arild Totland og Øyvind Østerbø, og speler på Gjerstad arena torsdag 8. juli 2021