10. – 13. Juli

Hagle og Carina Dahl kjem for å dra i gang festen!

Torsdag 10. juli blir ein festaften utan like på Tysnesfest! Me slepp laus Hagle og Carina Dahl – to av dei mest energiske og folkekjære artistane i landet akkurat nå. Dei slår følgje med allereie lanserte Stavangerkameratene og Vassendgutane, og me kan love ein kveld der allsangfaktoren og stemninga blir skyhøg.

Hagle har på rekordtid blitt eit av Noregs største festband, med sin unike blanding av bygderap, country og ekte rånekultur. Med over 150 millionar streams og utselde konsertar over heile landet, veit desse karane korleis ein set fyr på publikum.

Carina Dahl er kjend for å eigne scena og levere hits med rå energi og smittande partyvibbar. Med låtar som «Best på fest» og ei solid karriere som artist og låtskrivar, er ho ein garantist for god stemning.

Om me blir overraska om dei dukkar opp på kvarandre sine show? Absolutt ikkje! Dette blir ein kveld der scena blir fylt med musikkglede, energi og uforgløymelege augeblikk.

Gjer deg klar for ein torsdagskveld som kjem til å gå inn i historia – Tysnesfest er og blir best på fest!