10. – 13. Juli

Storm Weather Shanty Choir set segl mot Tysnesfest igjen!

Ekte shantystemning, rungande allsang og ein energi som slår som bølgene mot skutesida – Storm Weather Shanty Choir vender tilbake til Tysnesfest 2025!

Vokalgruppa frå Stord har trollbunde publikum i over 20 år med sine mektige tolkingar av sjømannssongar. Med turnéar over heile verda – frå USA og Japan til store festivalar i Europa – har dei vist at shantyar ikkje berre høyrer fortida til, men lever vidare med full styrke.

Når Haakon Vatle og mannskapet hans no legg til kai på Tysnes, blir det eit kjært gjensyn. Sist dei besøkte festivalen, blei publikum tekne med på ei reise full av energi, kraft og rå vokalharmoniar. No er det endeleg tid for ein ny runde med stampande rytmar, rungande refreng og ei stemning som garantert set sjøbein i alle og ein kvar!

Sjåast på Tysnesfest 2025!