Velkommen til Tysnesfest Festivalhamn!

For å bu i hamna må du betala for adgang her. Båt inkludert eigar/kaptein koster 650kr, og overnattingsgjest i båten koster 500kr. Prisen gjeld for heile festivalen, altså onsdag til søndag. Kjem du seinare enn onsdag er prisen den same. 

  • Båtplassen kostar kr 650.- uavhengig av storleik på båten, og inkluderer kapteinen. Denne prisen gjeld frå onsdag til søndag. Kjem du seinare er prisen den same.
  • Dersom du skal ha med deg gjester eller skal vere gjest i båt, kostar det kr 500.- pr. person. 
  • Born til og med 12 år bur gratis i hamna. Dei går òg gratis på konsertar på Gjerstad Arena
  • Etter 21.00 kjem ein ikkje ned på hamneanlegget utan gyldig billett
  • Båtgjestene skal retta seg etter instruks frå hamnevakt
  • Sjølv om det no ikkje er krav om festivalpass, ynskjer me sjølvsagt å sjå flest mogleg av båtgjestene våre på Gjerstad Arena 🙂 

Eksempel: Båtplass og kaptein + 2 passasjerar -> 650*1 + 500*3 = 1650.- 

Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 10.07.19 kl 21.00 for å vera sikker på at du ikkje misser båtplassen din.

 

 

Velkommen til Camp Tysnesfest!

Camp Tysnesfest opnar allereie onsdag 08. juli 2020.

Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du kun skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.
NB! Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visast når man sjekkar inn på campen. Om ein ikkje møter opp før kl 18.00 den dagen ein har reservert plass, risikerer ein å miste plassen.

Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett.

Det vert ikkje anledning til å setje opp fortelt og markiser på bubil/campingvogn-campen.
Det er både tømmestasjon for toalett, og fyllestasjon for vatn på campen.
Det er dusj og toalett på campen
Det er ikkje lov til å grilla andre stader enn på oppmerka område. Dette gjeld både bubil og telt-campen.
Under 18 år i følge med foresatt.
Me har bussar som går i skytteltraffikk heile helga.
Campen stenger kl 15.00 sundag, det er viktig at alle rydder opp sitt.
Tysnesfest står ikkje ansvareleg om noko forsvinn/vert kasta.

Campen har dei siste åra blitt full, så me vil anbefala å vera tidlig ute.

 

Aldersgrenser

Born/ungdom under 18 år i følgje med føresett , forelder, eller med person over 30 år, på alle kveldskonsertar. Vergeskjema må fyllas ut. Me oppmodar alle om å fylla ut VERGESKJEMA HER, for å unngå kø. Born til og med 12 år er gratis. BIllett til born under 12 fås ved inngang.Ta med aldersbevis. Det vert eigen “under 18 inngang” direkte til familieområdet. Gjeld kun Gjerstad Arena. Barn under 4 år, gratis på alle arrangement.

Tilgjengelighet

Under konsertar og marknadsdagen: Parkeringsplass for røyrslehemma vert tilvist av vakter ved ankomst Våge. På Gjerstad konsertarena vil det bli laga til rullestolrampe. Sikten er god, men det kan vera vanskeleg for rullestolbrukarar å bevega seg rundt på festivalområda. Me oppmodar difor rullestolbrukarar til å ha med seg fylgjesvein. Det er eige toalett for røyrslehemma på festivalområda i Våge og på Gjerstad.

Til og frå Tysnesfest

Lurer du på korleis du kjem deg til og frå Tysnesfest?

Med hurtigbåt til Malkenes på Tysnes

Med bil frå Stavanger til Tysnesfest

Med bil frå Bergen til Tysnesfest

Kontakt oss

Skal du søke om akkreditering? Søk her!

Stiftelsen Tysnesfest pb. 20 5696 Tysnes Org.nr: 996 558 665
Epost for generelle henvendingar: post@tysnesfest.no
Dagleg leiar: Øystein Vaage
Kontorleiar: Maria Avalos-Rønneseth
Ynskjer du å opptre hjå oss? Send ein søknad til: booking@tysnesfest.no

Styret i festivalen består av: Sigvard Madsen, Martin Restad, Tonje Aakre, Haakon Haaland, Joar Epland, Monica Hoff Utne, Ragnhild Gjerstad, Birte Vik og Yngve Vevatne.

Om oss

Tysnesfest vart starta i 2007 av ein kompisgjeng som hadde eit ynskje om å skapa stolheit, identitet og samhald i kommunen. Fyrste året vart det selt 4500 billetter, og festivalen har vakse jamt og trutt til rekordåret 2017 med heile 32 233 selde billettar. Publikummet til Tysnesfest er frå «heile verden» men majoriteten kjem nok frå Vestlandet. Tysnesfest ynskjer å begeistra eit publikum i alle aldrar. Programmet skal vera samansett slik at alle finn ulike aktivitetar og opplevingar dei set pris på. Me ynskjer å nytta heile den vakre kommunen vår som arena, noko me har vist dei siste åra ved å ha konsertar blant anna i historiske Onarheim Kyrkje, på toppen av Såto vårt høgaste fjell, idylliske Kjeviko i Uggdal, Solstråleøya og fleire andre stader rundt på øya. Me har i snitt aktivitet på 12 forskjellige arenaer kvart år. Tysnesfest har valt selskapsforma stifting for å synliggjera at Tysnesfest ikkje har kommersielle tankar. Ideologien vår er å skapa noko som bidreg positivt for Tysnes-samfunnet. Til dømes blir det betalt ut over 1 000 000kr til lag og organisasjonar for den flotte jobben dei gjer under festivalen!

Tysnesfest sine visjonar

  • Tysnesfest skal jobba for å utvikla sin familieprofil.
  • Me skal alltid ha fokus på nyskaping, men samstundes ta vare på våre tradisjonar.
  • Tysnesfest skal bidra til å skapa positiv omtale av Tysnes
  • Tysnesfest skal strekkja seg etter å handla lokalt, og samarbeida med andre attraksjonar i kommunen.