Velkommen til Tysnesfest Festivalhamn!

Nytt i 2019: Du treng ikkje festivalbillett for å bu i hamna!

Våre trivelege og dyktige hamnevertar ynskjer deg hjarteleg velkommen til Tysnesfest si festivalhamn 2019!

Me har dei siste åra, med unntak av i 2018 blitt utseld i hamna, så det er absolutt lurt å vera tidleg ute med bestillinga di!

For å bu i hamna må du betala for adgang her. Båt inkludert eigar/kaptein koster 500kr, og overnattingsgjest i båten koster det samme. Prisen gjeld for heile festivalen, altså onsdag til søndag. Kjem du seinare enn onsdag er prisen den same. 

  • Båtplassen kostar kr 500.- uavhengig av storleik på båten, og inkluderer kapteinen. Denne prisen gjeld frå onsdag til søndag. Kjem du seinare er prisen den same.
  • Dersom du skal ha med deg gjester eller skal vere gjest i båt, kostar det også kr 500.- pr. person. 
  • Born til og med 12 år bur gratis i hamna. Dei går òg gratis på konsertar på Gjerstad Arena
  • Har du billett til hamna, er marknadsdagsbilletten inkludert
  • Etter 21.00 kjem ein ikkje ned på hamneanlegget utan gyldig billett
  • Båtgjestene skal retta seg etter instruks frå hamnevakt
  • Sjølv om det no ikkje er krav om festivalpass, ynskjer me sjølvsagt å sjå flest mogleg av båtgjestene våre på Gjerstad Arena 🙂 

Eksempel: Båtplass og kaptein + 2 passasjerar -> 500*3 = 1500.- 

Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 12.07.19 kl 21.00 for å vera sikker på at du ikkje misser båtplassen din.

Nytt av året er at me og har fått ei familiehamn der det ikkje er lov å være synleg rusa. Det er begrensa plasser tilgjengeleg, og her gjeld fyrstemann til mølla prinsippet.
Det er viktig å hugse på at dette ikkje er noko «stillehamn», men fest og fanteri på sjølve familiehamna er ikkje lov.

Velkommen til Camp Tysnesfest!

Me ynskjer deg velkomen til Camp Tysnesfest 2019

Camp Tysnesfest opnar allereie onsdag 10. juli 2019.

Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du kun skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.
NB! Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visast når man sjekkar inn på campen. Om ein ikkje møter opp før kl 18.00 den dagen ein har reservert plass, risikerer ein å miste plassen.

Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett.

Det vert ikkje anledning til å setje opp fortelt og markiser på bubil/campingvogn-campen.
Det er både tømmestasjon for toalett, og fyllestasjon for vatn på campen.
Det er dusj og toalett på campen
Det er ikkje lov til å grilla andre stader enn på oppmerka område. Dette gjeld både bubil og telt-campen.
Under 18 år i følge med foresatt.
Me har bussar som går i skytteltraffikk heile helga.
Campen stenger kl 15.00 sundag, det er viktig at alle rydder opp sitt.
Tysnesfest står ikkje ansvareleg om noko forsvinn/vert kasta.

Campen har dei siste åra blitt full, så me vil anbefala å vera tidlig ute.

Podtown

Podtown blei lansert som verdsnyheit under Tysnesfest 2018. Det vart utselt med ein gang, og ein så stor suksess at me sjølvsagt har invitert dei tilbake i 2019!

Midt i begivenhetenes sentrum, med gåavstand til Våge sentrum og Gjerstad arena kan du no sova både tørt, trygt og komfortabelt.

Du sjekkar inn i vår resepsjonsvogn kor du får utlevert nøkkelkort til din eigen private pod, som er oppredd og klar til bruk:-) 
Podtown tilbyr 24/7 resepsjon, toalett og dusjfasaliteter m.m.

Me håpa sjølvsagt at gjestene koser seg på festivalen, men etter midnatt ynskjer me ro i Podtown slik at alle gjestane får ei behageleg natt.
Det finst både singelpod og dobbelpod, og som navnet kanskje kan indikera, bur du aleine i ein singelpod, og saman med ein ven, kjærast eller liknande i ein dobbelpod. 
Det vil være vakter som vil være behjelpeleg heile natta for å ivareta komforten og sikkerheten til gjestane.
PS: For å bu i podtown må du ha billett til Tysnesfest. Dette blir sjekka ved innsjekking.

Det er gode parkeringsmoglegheiter ein kort spasertur unna. 
Les mer om våre faseliteter og sikkerhet i Podtown på podtown.no/FAQ

Me gler oss utruleg mykje over at Podtown kjem tilbake til Tysnesfest og ynskjer dykk hjarteleg velkommen til eit trygt og komfortabelt opphald. 🌞

Bookingsida finn du på http://podtown.no/

 

KarTent

Vil du sleppa å dra med deg telt til festivalen? Gå for eit kartongtelt! KarTent er eit berekraftig og miljøvenleg alternativ. Telta er ferdig oppsatt og klare til å hoppa inn i, og før du spør: JA, dei er vanntett 😊  KarTent er stort nok til at to personar kan sova komfortabelt saman. Til forskjell frå vanlege telt, vil KarTent halda deg kjølig og i mørket til du har sove av deg festivalbakrusen og la deg lada batteria slik at du er heilt klar for å fortsetja festen neste dag!

 

 

 

 

Føler du deg litt ekstra kreativ? Du kan designa ditt KarTent som du sjølv ynskjer med fargestiftar eller tusj!
KarTent er ein totalt ny måte å tenka på kva produkt angår. Eit KarTent blir resirkulert som boksar i logistikkindustrien, eller nye festivalprodukt som du kan nytta deg av. Når KarTent når slutten av lifet sitt blir den 100% resirkulert.

Som born var det alltid kjekt å bygga kartonghus, og draumen om å få sova i det var ikkje alltid like realistisk. Her er din sjanse! Book ditt KarTent idag!

 

KarTent til Tysnesfest kjem i tre forskjellige variantar:
KarTent Standard: Ferdig oppsatt telt
Kartent Plus: Ferdig oppsatt telt med luftmadrass
KarTent Super: Ferdig oppsatt telt med luftmadrass pluss to soveposar.

https://www.youtube.com/watch?v=yTpEaeGB_Nw

Kyrkjekonsert

 

Dersom du har kjøpt festivalpass, og vil sikra deg plass i Onarheim Kyrkje, lyt du fylle ut dine opplysninger i skjemaet her. Fyrstemann til mølla!

Dersom du har kjøpt enkelbillett til kyrkjekonserten, treng du ikkje fylle ut skjema.

 

Døds Challenge Tysnes

Tysnesfest og The International Døds Federation inviterer til Døds Challenge Tysnesfest!

Laurdag 13. juli skjer det store ting i Våge! Det gamle og ærverdige Veteranskipet M/S Sunnhordland blir bygga om til kanskje den heftigaste dødserampen i verda. Iallefall den mest spesielle! 

Her får du sjå den absolutte verdselita gjera krumspring i lufta som ein ikkje skulle tru var mogleg! Berre dei tøffaste av dei tøffe vågar seg utpå i denne galskapen!
Det blir delt ut pengepremiar til dei tre beste, og vinnaren av Døds Challenge Tysnesfest får Golden Ticket som gjer at han/ho går direkte til finaledagen under VM i Døds i august som går av stabelen i Frognerbadet, Oslo.

Har du nerver av stål? Meld deg på då! Hvis ikkje, bli med og sjå på desse sjuke deltakarane, for det blir heilt galskap! 

Meld deg på her!

Ta Sjansen

Aldri har det vore samla så mykje folk på marknadsdagen vår, som når Ta Sjansen Tysnesfest går av stabelen. Dette er rett og slett eit kjempe-eventyr. Om du har lyst til å «fly» ut i Våge hamn, så er det berre å hiva seg rundt, og bygga seg klar! Ta Sjansen 2019 går av stabelen fredag 12. juli!

Ta sjansen var som mange hugsar ein svært populær sommaraktivitet som føregjekk i Besserudtjernet, Holmenkollen, der det var om å gjera å konstruera ein fantasifull farkost/båt som skulle finna raskaste vegen frå rampa og ut til staken for å ringja i bjølla. Tysnesfest Ta sjansen-rampa er klar, og du er herved utfordra til å delta.
Finn fram kreativiteten og lag deg ein spanande farkost som kan gje deg og publikum ein kjempehending under Tysnesfest 2019

Påmelding finn du her.

Til og frå Tysnesfest

Lurer du på korleis du kjem deg til og frå Tysnesfest?

EKSTRAORDINÆRE HURTIGBÅTRUTER FRÅ BERGEN OG STORD!

Med hurtigbåt til Malkenes på Tysnes

Med bil frå Stavanger til Tysnesfest

Med bil frå Bergen til Tysnesfest

Kontakt oss

Skal du søke om akkreditering? Søk her!

Stiftelsen Tysnesfest pb. 20 5696 Tysnes Org.nr: 996 558 665
Epost for generelle henvendingar: post@tysnesfest.no
Dagleg leiar: Øystein Vaage
Kontorleiar: Maria Avalos-Rønneseth
Ynskjer du å opptre hjå oss? Send ein søknad til: booking@tysnesfest.no

Styret i festivalen består av: Sigvard Madsen, Martin Restad, Tonje Aakre, Haakon Haaland, Joar Epland, Monica Hoff Utne, Ragnhild Gjerstad, Birte Vik og Yngve Vevatne.

Om oss

Tysnesfest vart starta i 2007 av ein kompisgjeng som hadde eit ynskje om å skapa stolheit, identitet og samhald i kommunen. Fyrste året vart det selt 4500 billetter, og festivalen har vakse jamt og trutt til rekordåret 2017 med heile 32 233 selde billettar. Publikummet til Tysnesfest er frå «heile verden» men majoriteten kjem nok frå Vestlandet. Tysnesfest ynskjer å begeistra eit publikum i alle aldrar. Programmet skal vera samansett slik at alle finn ulike aktivitetar og opplevingar dei set pris på. Me ynskjer å nytta heile den vakre kommunen vår som arena, noko me har vist dei siste åra ved å ha konsertar blant anna i historiske Onarheim Kyrkje, på toppen av Såto vårt høgaste fjell, idylliske Kjeviko i Uggdal, Solstråleøya og fleire andre stader rundt på øya. Me har i snitt aktivitet på 12 forskjellige arenaer kvart år. Tysnesfest har valt selskapsforma stifting for å synliggjera at Tysnesfest ikkje har kommersielle tankar. Ideologien vår er å skapa noko som bidreg positivt for Tysnes-samfunnet. Til dømes blir det betalt ut over 1 000 000kr til lag og organisasjonar for den flotte jobben dei gjer under festivalen!

Tysnesfest sine visjonar

  • Tysnesfest skal jobba for å utvikla sin familieprofil.
  • Me skal alltid ha fokus på nyskaping, men samstundes ta vare på våre tradisjonar.
  • Tysnesfest skal bidra til å skapa positiv omtale av Tysnes
  • Tysnesfest skal strekkja seg etter å handla lokalt, og samarbeida med andre attraksjonar i kommunen.