KORONAVIRUS – Spørsmål og svar

Tysnesfest fylgjer situasjonen som no pågår tett, og me forheld oss til dei gjeldande pålegg, og retningslinjer frå både lokale og nasjonale helsemyndigheiter.

Med utgangspunkt i koronaviruset si smitteutvikling i Noreg, og FHI sine råd og tiltak for avvikling av arrangement, ynskjer Tysnesfest å gje så riktig og oppdatert informasjon som mogleg. Det er verdt å merka seg at informasjonen me går ut med no, kan endrast fort, og det er mange usikre faktorar som me ikkje rår over. Me kan såleis ikkje gje sikre svar, og ber om forståing for dette.

Blir det Tysnesfest i 2020? 

Me jobber framleis med planlegginga av årets festival, med datoane 08. – 12. juli 2020. Utviklinga av viruset dei neste vekene vil styre korleis me kan handtere festivalsommaren. Me fylgjer Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og den lokale kriseleiingsgruppa i kommunen sine anbefalingar og pålegg. Desse pålegga kan endra seg mykje fram mot festivalen.

Når veit eg sikkert om Tysnesfest blir arrangert i 2020 eller ikkje? 

Ei eventuell endelig avgjersle om avlysing tas av lokale eller nasjonale helsemyndigheiter. Stiftinga Tysnesfest vil sjølvsagt gjere alt i si makt for å kunne arrangere festivalen i sommar, men utan at det går på bekostning av smittefare og helsefaglege vurderingar. 

Får eg refundering av kjøpte billettar hvis Tysnesfest 2020 blir avlyst? 

Det vil bli tatt stilling til refunderings-spørsmålet ved ein eventuell kansellering av arrangementet. Alle billettkjøparar vil bli kontakta når ein konklusjon er teken. 

Les meir om råd og informasjon til befolkningen på sidene til Folkehelseinstituttet. 

Sist oppdatert: 16.03.2020 klokka 11.00