Søknad om stand på Tysnesfest 2020

Velkomen!

Kvar:

Våge kai (1) og Våge senter (2)

Gje gjerne beskjed om du ynskjer å stå på område 1 eller 2 (sjå kart over Våge).

Opningstider:

 

Fredag 10. juli: Kl. 11.00 – 17.00

Laurdag 11. juli: kl. 11.00 – 17.00

 

Tysnesfest 2020 har marknad i to dagar, og kvar utstillar stå begge dagane for å kunne delta med stand.

I 2020 er det gratis inngang til marknadsområdet!

Pris:

Stand på 3×3 meter: 2000 kr + mva for begge dagar.

Skal du ha plass utover dette er må du kjøpe 3×6 meter eller 3×9 meter, pris for 3x6m er då 4000kr + mva for begge dagar og 3×9 meter 6000kr + mva for begge

Straum (16A): kr 200 +mva

Eigne reglar og prisar gjeld for matstands. Ta kontakt med irene@tysnesfest.no for meir info.

 

Info:

Utstillar kan rigga standen sin frå kl. 08.00 fredag morgon. Det er ikkje moglegheit for å rigga opp før dette tidspunktet. Ein vil få eit oversiktskart før marknadsstart. Det er sjølvsagt mogleg å koma med ynskjer om kvar ein vil stå, men det er ingen garanti for at desse vert innfridd.
Gje gjerne beskjed om du ynskjer å stå på område 1 eller 2 (sjå kart over Våge).

 

Overnatting:

Tysnesfest vonar at de kan stille med overnatting sjølve. Dusj- og toalett fasiliteter finn du i nærleiken av kaiområdet.

 

Lurar du på noko? For meir informasjon ta kontakt med irene@tysnesfest.no

Utstillarreglar Tysnesfest.

Eige ansvar:
-Utstillar står sjølv ansvarleg for å følgja regelverk som gjeld kassaloven og skatteetaten.

-Tysnesfest stiller med nattevakter som går runder på området, men Tysnesfest tek ikkje ansvar for uvær og tjuveri.

-Alle som har gass/grill/elektriske omner eller frityr, må ha med eige og egna, slukkemiddel.

-Dei standa som sel mat må vera registrert av mattilsynet i bustadkommunen. Registreringsbeviset må takast med og visast ved eventuell inspeksjon.

-Det er viktig at alle tar omsyn til andre utstillarar, det er difor ikkje lov med høgtalar som kan forstyrre andre sine stand. Det er ikkje lov og gje ut vareprøver eller setje opp plakatar utanfor eige salsområde.

Tildeling av plass/område:
-Utstillar får tildelt plass før festivalen. Det blir sendt ut kartoversikt på standene og kvar utstillar får tildelt eit nummer som blir merka på standen. Opprigg av stand kan skje tidligst kl. 08.00 fredag. Ein lyt vera klar i god tid til marknadsområdet opnar, og seinast kl. 10:45.

-Ved oppmøte vil utstillar få info om reglar, opningstider og festivalprogram.

-Grunna mykje folk og aktivitet i Våge er det viktig at all ferdsel skjer i samsvar med trafikkregulering. Det er berre lov med innkjøring av varer inntil 30 minutt før marknadsområdet opnar, og utkjøring 30 minutt etter stengetid.

-Alle som skal stilla med stand på Tysnesfest må betala på førehand via tilsendt lenke. Billetten må visast når ein kjem til marknaden. Enten i utskreven form eller pdf på mobil/nettbrett.

 

Opp og nedrigg av stand:
-Det er ikkje lov å stenga/rigga ned standen før marknaden er stengt på ettermiddagen laurdag kl. 17:00.

-Utstillar er sjølv ansvarleg for å sikre stand mot uvær og tjuveri. Tysnesfest tek ikkje ansvar for varer og stand. Stand må vera ferdig rigga til opningstid. Ved nedrigg er det utstillar sitt ansvar å fjerne all boss og utstyr som vert nytta, samt alle varer. Dersom det står utstyr igjen etter avslutta marknad blir utstillar etterfakturert med 1000,- + mva.

-Utstillar tek sjølv med det utstyret ein treng. Eksempel: telt, bord, skøyteledningar og stolar m.m.

Søknad om stand på Tysnesfest 2020

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.