Ta sjansen, reglar for deltaking:
Skal Ta sjansen kunne bli gjennomført innafor naudsynte organisatoriske og trygge rammer, er arrangør heilt avhengig av at deltakarane i Ta sjansen held seg innanfor fylgjande reglar for deltaking:
- Tidtaking startar i det farkosten blir sleppt frå toppen av rampa og blir avsluttar i det deltakar ringjer i bjølla som er fastmontert på ei bøye i sjø.
- Farkosten: TEKNISKE KRAV
- Farkosten skal vera satt i stand av deltakarane, eller andre som er tilknytt deltakarane.
- Farkost mål:
lengd: maks 2,30 meter
breidde: maks 1,50 meter
vekt: maks 80 kg. - NB farkosten må vera rett/flat akter for ikkje å hekta seg fast i sklia
- Farkosten skal vera utan nokon form for motor (dette gjeld også oppsamla energi på trykktankar eller anna form for oppsamla mekanisk energi) i det føremål å auka framdrifta på farkosten. Alle farkostar skal ha eit feste til karabinkrok godt synleg.
- Farkosten skal halda seg flytande. – Farkosten skal være sikker. Husk at farkosten blir utsatt for stor kraft i det den treff vatnet (Isopor er ikkje tillete. Det blir millionar av isoporbitar å plukka opp frå sjø. «Jackofoam» osb er ok. Ved tvil, ta kontakt. Ha fokus på skarpe kantar).
- Deltakarar:
- Maksimum 2 personar i kvar farkost.
- Alle deltakarar skal nytta hjelm – Alle deltakarar skal nytta flytevest eller annan form for godkjend flyteplagg
- All deltaking i Ta sjansen skjer på eige ansvar.
- Det er ikkje lov til å reise seg før farkosten treff vatnet
- Ved mistanke om alkoholinntak blir deltakar nekta å delta
- Arrangør stiller med dykkarar og hjelpemannskap som til ein kvar tid er klar til å assistera deltakarane som treng livredning eller annan hjelp i vatnet.
- Farkosten skal bli inspisert og bli godkjend av arrangement sikkerhetsansvarlig personell før start.
- Arrangør føreheld seg retten til å nekta farkostar å starta dersom overnemnde regler ikkje er overhalden.
- Påmeldingsfrist 1. juli 2019 på tysnesfest.no
- Skjema for ansvarsfråskriving må signeras av deltakar, eller føresett/forelder om deltakar er under 18 år.Premiering:
- Raskaste båt: – Beste tid, frå farkosten blir sleppt i rampa til fyrste deltakar når fram til bjølla.
- Fiaskopris: – til den farkosten som syt for den største fiaskoen.