Fredag 8. og laurdag 9. juli blir Bermudateltet rigga med show, teater og konsert for born og unge!
Fredag 8. juli:
Me startar fredagen med eit forrykanes vitenshow med PK og Håvard frå serien «Barn ingen Adgang» som elska eksperiment og eksplosive overraskingar. Jo villare, jo betre for desse to! No møtes dei på scena for å gjere det dei likar best, nemlig å teste ut både nye og velkjende idear. Håvard tek med seg gitaren for å gjere dette til ein naturfagtime PK ikkje heilt har kontroll over. I salen sit du på trygg avstand, men allikavel nære nok til å kjenne lukta av svidd lycopodium og sjå frykten i kvitauga på Håvard når PK får det til å smella som verst.
Etter at røyken har lag seg frå PK og Håvard sin opptreden er det på tide å roa ned litt, og Ègal Teater inviterer til Karius og Baktus. Ein forestilling for store og små om Torbjørn Egners godterigalne tanntroll og Jens, han som eig tenna. Får Karius og Baktus nok loff med sirup på? Vil Tannbørsten nok ein gang ødleggja for utbyggingsmoglegheitene deiras? Eller vil Jens omsider lykkast med å få bukt med tannverken?
Lørdag 9. juli:
Lørdagen blir sparka igang av sjølvaste Erling Solland, The Magic Man! Erling gjer det umulige mulig i dette tettpakka og underhaldande familieshowet. Spektakulære illusjonar, ildsluking og tradisjonell trylling gjer at både fantasien og hjernevinningane blir satt i spinn, og kanskje du er heldig og blir plukka ut som ein av Erlings assistentar?
Etter at Erling har trylla frå seg kjem igjen Ègal Teater tilbake med den Anne-Chath Vestly-inspirerte framsyninga Lillebror og Knerten. Møt Lillebror og Norges mest populære trepinne i levande live!
Tilslutt i Tysnesfest UNG blir det konsert med eMMa! Ho gjorde sin artist-debut allereie som 8-åring og har no i ein alder av 13 lang fartstid i musikkbransjen. Storebrørne Marcus og Martinus har vore hennar beste støttespelarar og har gjeve ho mange gode tips på vegen!
Når eMMa ikkje reiser rundt og opptrer eller er i studio går ho på skule, dans og heng med vener. Ho elskar å opptre og underhalda, og er ei kreativ jenta med masse energi. Med heile 222 000 følgara på Instagram, 110 tusen på YouTube og over 400 000 følgarar på TikTok har eMMa allereie bygga opp store plattformar til trass for sin unge alder.