Tilbake til alle arrangementer

Det store palleløpet v2.0

DET STORE PALLELØPET v2.0
– No med fleire hinder, meir vannsprut og større sjanse for total fiasko!

Fredag i festivalhamna smeller me i gang det som har blitt ein Tysnesfest-klassikar: Palleløpet, versjon 2.0! Me snakkar palleløp på steroider – nye hinder, nye reglar, og endå større moglegheit for å gå rett på trynet - til publikums fornøyelse.

🌊 Spring for livet, kjemp deg gjennom og bli heidra ved målgang – enten som årets helt eller årets ulykkesfisk. Dette er kanskje vår mest sprøaste, våtaste og mest underhaldande konkurranse, og det heile skjer midt i festivalhamna fredag ettermiddag.

🏆 Feite premiar i desse klassane:

  • Best in Show – for stil, show og sjarm

  • Raskaste palleløpar – for deg som faktisk klarer å kome i mål

  • Årets Ulukkesfisk – denne seier kanskje seg sjølv!

📣 Bli med – enten som deltakar eller som sjokkerte tilskodar. Dette er galskap på kloss hald du ikkje vil gå glipp av!

🎟️ Påmelding kjem – følg med!

Forrige
Forrige
11. juli

Tivoliet opnar!

Neste
Neste
11. juli

Etterpåklokskap LIVE, Du sku` vore der!