
Bli frivillig!
Har du lyst til å oppleva magien frå innsida? Som Tysnesfest-hjelpar blir du ein del av eit fantastisk fellesskap, møter nye vener og får minner for livet. Du får mat og drikke medan du jobbar, festivalens eksklusive t-skjorte med årets artistar på – og ikkje minst, ein plass på den legendariske frivilligfesten!
Bli med og gjer Tysnesfest til sommarens beste oppleving – både for deg og alle som kjem! 💛
OBS OBS ☺ Ein frivillig …
Er opplagt, edru og møter til avtalt tid.
Gjer sitt beste i oppgåva dei er satt til.
Er 18 år (med unntak av einskilde oppgåver).
Er høfleg, positiv og tar utfordringar med eit smil.
Kva gjer ein frivillig?
Tryggleik
Scene, streif, sikkerhetssjekk, rydding. Ei flott og variert oppgåve for den som likar å treffa folk, ta i eit tak, være festivalens blide fjes utad. Du hjelper folk på vei, trøster, gleder, er lystig og av og til litt bestemt.
Publikumservice
Billettsal, drikke, og kundeservice i fokus. Ei viktig oppgåve, kor du skal gjera alt i di makt for at gjestene har det bra. Du må gjerne tåle eit høgt tempo, i latter og musikk, som lett kveldsgymnastikk og samstundes stråla med ditt gode humør.
Me treng frivillige i Våge sentrum (dagtid) og på Gjerstad (kveld).
Parkering / miljø
Har trafikk og parkering i fokus, og er perfekt for deg med sans for rette linjer og smal passasje. Løysningsorientert er eit nøkkelord, og med smilet på lur løyse du oppgåva med suksess. Parkeringsvaktane sørger samtidig for at heile festivalområdet skin.
Bar
Salg av drikke til vårt feststemte publikum! Du klargjør drikke, tar imot bestillingar og betaling, leverer og rydder. Travle timer tett på folk.
PS: I år vil me laga eigen frivilligcamp der du kan slå opp ditt telt.
Mat og kjøkken
Utan mat og drikke, duger helten ikkje! På skulekjøkkenet lager me mat til våre fantastiske frivillige, frå tidlig morgon til midt på natta.