11. – 14. Juli

Vinskvetten er klar for Tysnesfest 2022

ngen veg tilbake! No skjer det! I sommar kjem Vinskvetten til Tysnesfest! 

Vinskvetten blei starta som ein revy i Salhus lenge før Tysnesfest var påtenkt. Ja, dei fleste som starta festivalen vår var ikkje påtenkt ein gong. Så det er eit band med ein fantastisk lang karriere bak seg som no kjem til Gjerstad arena.

Eventyret starta allerede i 1975. Mange av tekstene til Vinskvetten er knytta til eit eige univers, bygda Rothåla.

Du kan gle deg til klassikarar som «Ronny Bruvik», «No e da helg», «Dans på Grasdal» og «Tjo og Hei og Duddelidei».

Nokre av medlemmene i gruppa har vore hos oss før saman med Ausekarane, og då har det vore fullt hus og stormande jubel.  

Vinskvetten speler i Bermudateltet torsdag 7. juli OG fredag 8. juli 2022! Billettar finn du her.