11. – 14. Juli

Blues cruise på bjørnefjorden

Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar.

Sjølvaste MS «Midthordland» tar deg med på ei musikalsk reise i vår vakre skjærgård. Om bord kan du nyta heftige bluestonar og leska strupen med noko godt.

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003, og dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving.

Fleire bluesklubbar har teke vel imot Big Man Blues Band og ynskt dei velkomen att!

Big Men Bluesband har spela konsert på Tysnesfest i så mange år no, at me ikkje kunne unngå å invitera dei til vår tolvte festival. Bandet er tydeleg inspirert av artistar som Steve Ray Vaughan, John Mayall, Eric Clapton og Peter Green, og dei har også ein del eigenproduserte låtar.

 

Bluescruiset har avgong klokka 14.00 laurdag 9. juli!