Tilbake til alle arrangementer
Dei to tullete klovnene Susu & Mumu kjem med ein koffert full av artig utstyr dei vil vise fram. Problemet er berre at dei har gløymt både kva som er oppi kofferten – og korleis utstyret skal brukast. Vil dei finne ut av det? Kanskje borna i publikum kan hjelpe dei å forstå kva som er kva?
Dette er ei interaktiv og morosam nysirkusforestilling som inkluderer komikk, magi, akrobatikk og andre nysirkusartar.
Med Latter Events bak showet er smil og latter garantert!