
Den Magiske Kofferten
Dei to tullete klovnene Susu & Mumu kjem med ein koffert full av artig utstyr dei vil vise fram.

Trio Oro
Magi og moro møter musikalsk mangfald når TRIO ORO slår seg laus – her får du alt frå heftige rytmar til vakre tonar, servert med ein god dose speleglede og glimt i auga.

POPPELOPPANE – Tuddelu & Storehu på Tysnesfest UNG!
Dei kjente og kjære figurane frå NRK Barne-TV kjem til Tysnesfest med eit fargerikt og fengande show for dei minste!

Trylleshow
Tryllekunstnar Geir Elling, nordisk meister i trylling, kjem til Tysnesfest med eit show fullt av magi og overraskingar – for både små og store.

Frekk & Tidi
Ei herleg familieframsyning som blei ein kjempesuksess då den hadde premiere sommaren i fjor – med heile 40 framsyningar gjennom ferien!

Ingeborg
Ho bergtek både mentorar og publikum på The Voice med ei heilt spesiell stemme – no kjem 17 år gamle Ingeborg til Tysnesfest UNG!