Tilbake til alle arrangementer
Tryllekunstnar Geir Elling, nordisk meister i trylling, kjem til Tysnesfest med eit show fullt av magi og overraskingar – for både små og store.
Kva kan han trylla fram? Blir det mystiske triks, lureri og latter? Kanskje blir du plukka ut til å hjelpa til på scena?
Hokuspokus filiokus – her er det berre å følgja med!