Tilbake til alle arrangementer
Ei herleg familieframsyning som blei ein kjempesuksess då den hadde premiere sommaren i fjor – med heile 40 framsyningar gjennom ferien!
Historia går føre seg i Rosesmauet i Sandviken, rundt år 1910, og er full av liv, sjarm og gjenkjenning. Forestillinga er bygd på dei kjende og kjære Bergens-visene – og ja, folk likar å synga med!
«Frekk & Tidi» blir spelt av ungdommar og born i tett samarbeid med profesjonelle. Dette er ei framsyning som har treft alle – barn, ungdom, vaksne og besteforeldre – og no kjem ho endeleg til Tysnes!