Tilbake til alle arrangementer

Ingeborg

INGEBORG – rett frå The Voice til Tysnes!
Ho bergtek både mentorar og publikum på The Voice med ei heilt spesiell stemme – no kjem 17 år gamle Ingeborg til Tysnesfest UNG!

Med varme, styrke og nærvær i kvar tone viser ho at ho har noko heilt eige. Ingeborg kjem frå Frekhaug, og har lenge drøymt om å stå på store scener. No er ho godt på veg – og Tysnes-publikummet får sjansen til å oppleva henne live i sommar.

Dette er ei artistspire med hjartet utanpå – og ei framtid me gler oss til å følgja!


Forrige
Forrige
12. juli

Frekk & Tidi