Aldri har det vore samla så mykje folk på marknadsdagen vår, som når Ta Sjansen Tysnesfest går av stabelen. Dette er rett og slett eit kjempe-eventyr. Om du har lyst til å «fly» ut i Våge hamn, så er det berre å hiva seg rundt, og bygga seg klar! Ta Sjansen 2023 går av stabelen fredag 14. juli!

Ta sjansen var som mange hugsar ein svært populær sommaraktivitet som føregjekk i Besserudtjernet, Holmenkollen, der det var om å gjera å konstruera ein fantasifull farkost/båt som skulle finna raskaste vegen frå rampa og ut til staken for å ringja i bjølla. Tysnesfest Ta sjansen-rampa er klar, og du er herved utfordra til å delta.
Finn fram kreativiteten og lag deg ein spanande farkost som kan gje deg og publikum ein kjempehending under Tysnesfest 2023

 

Regelverk:
Tidtaking startar når farkosten blir sleppt frå toppen av rampa og blir avslutta i det deltakar ringer i bjølla på bøye i sjø. 
Farkosten: Tekniske krav:
  • – Farkosten skal vera heil- eller delbygga av deltakarane eller andre som er tilknytt deltakarane.
  • – Mål: Lengd, maks 2.3m breidde: maks 1.4meter: Vekt: maks 80kg. NB Farkosten må vera rett/flat akter for å ikkje hekta seg fast i sklia. 
  • – Farkosten skal vera utan nokon form for motor ( Dette gjeld og all for for oppsamla mekanisk energi på trykktank, strikk eller liknande) i det føremål å auka framdrifta på farkosten.
  • – Alle farkostar skal ha feste til karabinkrok godt synleg, som skal tåla vekta av ein våt farkost når denne blir løfta ut av vatnet.
  • – Farkosten skal halda seg flytande.
  • – Farkosten skal vera sikker, hugs at den blir utsatt for stor kraft i det den treff vatnet. 
  • – Isopor er IKKJE tillete. Det blir millionar av isoporbitar å plukka opp frå sjø. Jackofoam osb. er ok. 
  • – Ved tvil, ta kontakt. Ha fokus på skarpe kantar. 
  • – ALLE DELTAKARAR SKAL BRUKA REDNINGSVEST!