OBS: Det blir både fotografert og filma på festivalen sine områder!
Festivalpass: Gjev deg adgang til alle konsertar på Gjerstad Arena, samt arrangement merka med * i programheftet. Enkelte av arrangementa som for eksempel Kyrkjekonserten må ein melda seg på via epost. Sjå informasjon på dei einskilde arrangementa.
Dagspass: Gjev deg adgang til kveldskonsertane på Gjerstad Arena.
Tysnesfest Festivalhamn:
For å bu i hamna må du betala for adgang her. Prisen gjeld for heile festivalen, altså onsdag til søndag. Kjem du seinare enn onsdag er prisen den same.
Me oppmodar dei som har kjøpt båtbillett på førehand, om å kome innan fredag 14.07.2023 kl 21.00 for å vera sikker på at du ikkje misser båtplassen din.
Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du berre skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.
NB! Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visas når ein sjekkar inn på campen. Om du ikkje møter opp før 18.00 den dagen du har reservert plass, risikerer du å miste plassen.
Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett.
Under 18 år i følge med foresatt.
Campen ligg i Uggdal, og me har bussar som går i skytteltrafikk heile helga.
Med eit Tysnesfest-gåvekort kan du gleda nokon med ei unik oppleving! Den som får gåvekortet kan sjølv velga kva Tysnesfest-arrangement han/ho vil bruka gåvekortet på. Ein kan bruka gåvekortet som heil- eller delbetaling både online, samt ved fysiske billettutsalg på festivalen. Saldo kan du alltid sjekka på ticketco.no Gåvekortet er gyldig i 1 år frå kjøpsdato. Det er ikkje mogleg å refundera saldo på gåvekortet.
Stiftelsen Tysnesfest pb. 20 5696
Tysnes Org.nr: 996 558 665
Generelle henvendingar: hei@tysnesfest.no
Administrasjon: Øystein Vaage
Ynskjer du å opptre hjå oss?
Send ein søknad til: booking@tysnesfest.no