Tysnesfest vart starta i 2007 av ein kompisgjeng som hadde eit ynskje om å skapa stolheit, identitet og samhald i kommunen. Fyrste året vart det selt 4500 billetter, og festivalen har vakse jamt og trutt til rekordåret 2017 med heile 32 233 selde billettar. Publikummet til Tysnesfest er frå «heile verden» men majoriteten kjem nok frå Vestlandet. Tysnesfest ynskjer å begeistra eit publikum i alle aldrar. Programmet skal vera samansett slik at alle finn ulike aktivitetar og opplevingar dei set pris på. Me ynskjer å nytta heile den vakre kommunen vår som arena, noko me har vist dei siste åra ved å ha konsertar blant anna i historiske Onarheim Kyrkje, på toppen av Såto vårt høgaste fjell, idylliske Kjeviko i Uggdal, Solstråleøya og fleire andre stader rundt på øya. Me har i snitt aktivitet på 12 forskjellige arenaer kvart år. Tysnesfest har valt selskapsforma stifting for å synliggjera at Tysnesfest ikkje har kommersielle tankar. Ideologien vår er å skapa noko som bidreg positivt for Tysnes-samfunnet. Til dømes blir det betalt ut over 1 000 000kr til lag og organisasjonar for den flotte jobben dei gjer under festivalen!
Tysnesfest sine visjonar
Stiftelsen Tysnesfest pb. 20 5696
Tysnes Org.nr: 996 558 665
Generelle henvendingar: hei@tysnesfest.no
Administrasjon: Øystein Vaage
Ynskjer du å opptre hjå oss?
Send ein søknad til: booking@tysnesfest.no