11. – 14. Juli

Camping

Du må ha festivalpass for å bu heile festivalveka. Om du kun skal bu ei natt, må du ha gyldig dagspass for å kunne bu på campen.

NB! Festivalpass/dagspass må kjøpas på førehand. Både camp-billett og pass må visast når man sjekkar inn på campen. Om ein ikkje møter opp før kl 18.00 den dagen ein har reservert plass, risikerer ein å miste plassen.

Hugs å velge rett ankomstdag når du kjøper billett. Campen opner torsdag 11. juli!

Det vert ikkje anledning til å setje opp fortelt og markiser på bubil/campingvogn-campen.
Det er både tømmestasjon for toalett, og fyllestasjon for vatn på campen.
Det er dusj og toalett på campen
Det er ikkje lov til å grilla andre stader enn på oppmerka område. Dette gjeld både bubil og telt-campen.
Under 18 år i følge med foresatt.
Me har bussar som går i skytteltraffikk heile helga.
Campen stenger kl 15.00 sundag, det er viktig at alle rydder opp sitt.
Tysnesfest står ikkje ansvareleg om noko forsvinn/vert kasta.

Campen har dei siste åra blitt full, så me vil anbefala å vera tidlig ute.

Har du spørsmål om bobil, telt eller andre camp-relaterte ting, ta kontakt med Bård på epost baard@tysnesfest.no eller telefon 976 29 786