11. – 14. Juli

Avskjedskonsert med Åge Aleksandersen og gledelege gjensyn med Hellbillies og Fay Wildhagen

Age-Sambandet

2024 ligg an til å bli eit særs godt år for Tysnesfest, spesielt med den artistplakaten me held på å snekre saman. Med D.D.E og Sondre Justad allereie på plass hamrar me laus med Åge Aleksandersen og Sambandet, Fay Wildhagen og Hellbillies.

 

Legenda og ikonet Åge gjer sin aller siste konsert på Tysnesfest i 2024. Med nyheita om at Åge no gir seg med turneverksemd i 2025 var me sikker i vår sak, me må ha Åge og Sambandet ein siste gong på Tysnesfest. Dette blir fort sommarens store festivaloppleving!

Hellbillies har vore ein suksess sidan dei starta på nitti-talet og held framleis koken som eit av Norges beste live-band. Me er sikre på at det blir både allsong og dans på Tysnesfest når Hellbillies spelar fredag 12. juli.

Fay Wildhagen brakdebuterte i 2015 og spelte allereie det året på Tysnesfest. Når ho no spelar på Tysnesfest igjen har ho med seg eit nytt og etterlengta album, som kjem på nyåret. Fay Wildhagen er ein unik låtskriver og live-artist som me gler oss enormt til å sjå på Tysnes til sommaren