11. – 14. Juli

Astrid S.

Astrid S
ASTRID S – berre namnet får det til å gnistre i discolamper og mellomgolv – eit popvidunder av dei heilt sjeldne, kjem sjølvsagt først når Tysnesfest byrjar å slippe stjernene som skal spela på festivalen i 2023.
 
Med over fire milliarder strømninger av hit-singlar som «Hurt So Good», «Think Before I Talk» og «Emotion», seks EP’er, utsolgte verdsturnear, og vinnar av «Årets Spellemann» i 2018 er Astrid S utan tvil ei av norges største stjerner.
Ekte stjerner lyser på alle scenar og Astrid har verkeleg utfordra seg sjølv med å glitre på filmlerretet og i motebransjen med sitt eige klesmerke By Astrid S.
No er det turnering og musikk som kjem i første rekke, og låta «Come First» er første i rekka av nye hits som kjem som perler på ei snor fram mot det som blir ein festivalsommar der Astrid S. kjem til å vise kven som er norges verkelege pop-dronning. Me gler oss til å få besøk  av megatalentet på Tysnesfest.