11. – 14. Juli

Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg tek med seg fullt band og sin slagerkatalog når han kjem tilbake til Tysnesfest.

Bjørn Eidsvåg var med oss når me gjennomførte minifestivalen Tysnesfest-isj i 2021, og me blei einige med han der og då at han måtte koma tilbake i 2022 og spela for mange tusen på Gjerstad!

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spilt teaterforestillinga «Etterlyst: Jesus» på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på ei rekkje festivalscener, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Norgesturné saman med Sigvart Dagsland.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

Bjørn Eidsvåg speler på Gjerstad Arena 8. juli 2022