11. – 14. Juli

Carola, Nico & Vinz og Lille Venn

Carola til Tysnesfest 2024

Carola, Nico & Vinz og Lille Venn til Tysnesfest

Julegåvene dalar ned frå Tysnesfest-skyene og fyller sommargraset med nye indie-pop-yndlingar, ei legendarisk skandipopdronning og ein duo som aldri har tatt feil når det kjem til å lage superhits.

 

Ytterst få har fått oppleva det den norske duoen Nico & Vinz har gjort når det kjem til internasjonal suksess. Heilt frå starten med den verdsberømte hiten «Am I Wrong» som herja hitlistene i 2014 har dei fortsatt å levera hit på hit. 10 år etter braksuksessen og med 106 millionar streams i baggasjen er dei klare for Tysnesfest. Og nei, me tar ikkje feil, dette blir ein megajubileumsfest med Nico & Vinz du ikkje vil gå glipp av.

 

Skandipop-dronning, Eurovision-legende og ikonet Carola spelar på Tysnesfest 2024. Nei, du las ikkje feil, det blir både «Fångad av en Stormvind» og «Främling» på Tysnes til sommaren. Evigunge Carola som har vore i rampelyset i 40 år er ein av Skandinavias aller beste entertainere og me gler oss til å synga med på dei kjente og kjære hittane hennar.

 

Merk dykk namnet og bandet Lille Venn! Heilt i vatnskorpa av karrieren sin har Lille Venn allereie fått masse radiotid og blitt kåra til månadens urørt på P3. Musikken er ein dose pop-punk, skikkelege rockehåndverk, tekstar  om bittersøte kvardagar og tonnevis med sjarm. Lille venn kan fort bli din nye beste musikkvenn!




Billettar