11. – 14. Juli

Erlend Ropstad

Erlend Ropstad har lagt stein på stein i sin 17 år lange musikkarriere og no er han endelig klar for Tysnesfest!

Han blir omtala som ein klippe og ein kolossal artist innan norsk rock. Sakte men sikkert har han gått frå support-jobbar på små klubbar her heime og i Europa, og gjennom hundrevis av konsertar har han no spela seg til Øyfestivalen sin hovudscene, utselte konsertar på Rockefeller og ikkje minst Tysnesfest 2022!

I april 2021 gav han ut sitt foreløpig siste album «Da Himmelen Brant Var Alle Hunder Stille» som blei hylla med terningkast 6 i Dagsavisen, Dagbladet, NRK Sørlandet samt ellers utelukkande gode tilbakemeldingar og heftig radiospeliong. Erlend sin reflekterande og trygge personlegheilt i kombinasjon med kompromisslaus låtskriving gjer at han av beskrives av stadig fleire som norsk rocks fremste eksponent for sjangeren. 

I 2019 blei Ropstad krona med Prøysenprisen, og albumet «Brenn Siste Brevet» blei kåra til årets beste norske album uansett sjanger i Dagsavisen si prestisjefylte liste laga av 50 musikkjournalistar. 

Erlend Ropstad tek deg med inn i rockens verden laurdag 9. juli på Gjerstad Arena!