11. – 14. Juli

Fay Wildhagen på Tysnessåto

Ta med deg bestemor, tante, bror og far din og bli med ei uforgløymeleg musikalsk oppleving i vakker natur på Sunnhordlands tak.  Det blir kjærleik til fjell og musikk i majestetiske omgjevnader. 

Fay Wildhagen spelar kl 13.30 

Konserten på «Sunnhordlands tak» er i regi av Venelaget for Tysnessåto og er ein markering av opninga av Sherpatrappene. 

Buss frå Våge kai kl 09.50 til Solheimsdalen (3 timer tur)

Buss frå Våge kai kl 10.00 til Myrdal (2 timer tur)

Opningsseremoni øvre park Myrdal kl 11.00

Offisiell opning og talar kl 13.00

Fay Wildhagen kl 13.30. 

Slik kjem du deg til Tysnesssåto

Det fins nesten like mange vegar til Tysnessåto som det er vegar til Rom. Her er nokre gode tips til kor du kan gå.

Lunde – Ådnastegen – Såto: Stigen byrjar der hovudvegen (R 49) kryssar  Humlevikelva. Den fylgjer ein traktorveg eit stykke og tek så av til høgre oppover  eit dalsøkk kledd med brake. Stigen har jamn stigning. Ved Kleiva går denne stigen saman med stigen 

Vevatne – Såto. Kleiva er lang og bratt, men snaufjellet nærmar seg og då flatar terrenget ut. Frå Ådnastegen går stigen over  eit myrparti, før han stig bratt opp mot  Vetlesåto og Såto. 

Myrdal – Såto: Stigen byrjar ved P-plassen i Myrdal.  Stigen går svært bratt opp gjennom Buskaret.  Dette er den kortaste stigen opp til Såto,  men og den brattaste. Utsikten blir betre  og betre etter kvart som du kjem oppover  Buskaret, rundar Vetlesåto for så å stiga  opp til Såto. Gangtid omlag 1,5 timar 

Skaret – Ådnastegen – Såto: Frå Skaret går det traktorveg nord for Hovlandselva. Jamn stigning forbi ein vakker foss og  opp til Vasstølstjødno der traktorvegen sluttar. Stigen ligg fint i naturen og snor seg oppover Idlekleivo. Når du er på toppen av Idlekleiv held du høgre mot Heiavatnet og går vidare til Ådnastegen. Frå Ådnastegen over eit myrparti, før bratt stigning opp mot Vetlesåto og Såto. Gangtid omlag 3 timar 

Vadla – Såto: Her byrjar stigen på høgre side av Vadlaelva. Den fyrste km av stigen er heller bratt. Ein del av stigen går på skogsveg. Så fylgjer ei tilsvarande lengd med kupert terreng gjennom bjørkeskog før ein kjem opp i fjellet, med Såto til venstre. Vidare har stigen slakk stigning, med enkelte kneikar, til du møter stigen frå Dalen/Våge. Herifrå er det bratt opp til Såto. Gangtid omlag 2 timar.

Solheimsdalen – Såto: På turen opp til Såtetoppen finn me eit landskap som ymsar frå frodige sørvendte lauvskogslier til høgfjellsnatur. Fyrste delen av turen går på ein godt tilrettelagt traktorveg, med jamn stigning opp mot Grovatnet. I Malkenesdalen kan du ta av til venstre, eller du kan følgja den gamle traktorvegen vidare opp til myrane sør for Grovatnet.  Frå vegen mot Grovatnet kan me velje to ulike  stiger opp eit bratt parti til me ser Såto. Så passerer stigen vatn, myrer, haugar og dalsøkk, før han stig opp mot Såto. Gangtid omlag 3 timar. 

Dalen – Gjerstadstølen – Såto: Stigen tek til ved P-plass like før gardstunet på Dalen, held fram gjennom utmarka, og kryssar bru mot høgre. Opp Kinningekleiva der du har utsikt mot Ilefjellet på venstre hand. Stigen dreiar så i nordaustleg retning, går mellom Liastølsvatnet og Bjørnastølsvatnet og til Gjerstadstølen. Tåkeskaret er ein bratt kneik. Stigen går så ned forbi Nordre Stølsvatn, deretter stig terrenget oppover til krysset med stigen frå Vadla. Det siste stykket opp er bratt. Gangtid omlag 2 timar. 

Våge – Gjerstadstølen – Såto: Frå Tysnes Barne og Ungdomsskule går stigen sør/ søraust og oppover Kleiva og vidare oppover mot Guletoppen. Lett stig med enkelte kneikar. Stigen går langsmed ei elv forbi eit tjørn. Fin natur og vakker utsikt over Våge. Stigane frå Gjerstad og Vågsmarka møtest aust for Guletoppen. Vidare går stigen på høgre sida av myra ved Tverrelva til Huldastølen. Her kan du velja om du vil gå om Gjerstadstølen til Såto, eller ta til venstre ved Huldastølen og gå austover, for så å koma inn på stigen frå Gjerstadstølen nedanfor Tåkeskaret. Tåkeskaret er ein bratt kneik. Stigen går så ned forbi Nordre Stølsvatn, deretter stig terrenget bratt oppover til krysset med stigen frå Vadla. Det siste stykket opp er bratt. Gangtid omlag 3 timar.

VIKTIG INFORMASJON: I Tysnesfjella beitar det mykje sau. Det er difor  viktig å ta omsyn til dette når me ferdast i fjellet og i utmark generelt. For å ikkje skremme husdyr på beite, hugs: -at alle hundar skal førast i band heile året. -at du må unngå å jaga sauen framfor deg på stien, gå utom stien og rundt dyra. -Når du elles møter sauer som beitar, legg vegvalet ditt utanom dei beitande dyra. 

Ver nøye med å rydde raste- og teltplassen  når du dreg. Avfall tek du med, ingenting  skal liggje att. Hugs og på at det ikkje er organisert toalett i fjellet. Om du nyttar  våtserviettar etter du har gjort ditt  fornødende, ta desse med deg! 

Her må du legge til eit besøk

Haaheim Gard: Går du ruta tilbake igjen til Dalen har du ein ypparleg mogelegheit til å fylla på med energi ved Haaheim Gard. Både restauranten, gardbutikken og bakeriet er ope slik at du kan nyta smakar av svunne tider i  eit unikt landskap. 

Myrdal Gårdscafe:  På ruta frå Myrdal har du mogelegheit til å besøka eit unikt gardsbruk med foten av Såto. Pizzarestauranten har ope frå 12:00 til 20:00 for pizza. Her får du nyta svært kortreist mat mens du skuar på turmålet som strekk seg rett mot himmelen. Myrdal Gard er kjend for sine gode ostar, så sørg for at du får deg  ein smakebit når du er forbi. kjøp av spesielle snackboxer som folk kan ta med opp til å nyte under konserten.