11. – 14. Juli

Frida Ånnevik i Kulturkyrkja på Onarheim

FriDA Ånnevik avsluttar Tysnesfest

Nokre stemmer får deg til å stoppe opp. Dei får deg til å gløyme kva du held på med. Du må berre lytta. Frida Ånnevik har ei slik stemme. Ei stemme som saman med sine unike komposisjonar og fortellarevne bringer fram det beste i eigne og andre sine låtar.

Me er stolte av å la Frida Ånnevik avslutte Tysnesfest 2023 i Kulturkyrkje på Onarheim. Kulturkyrkja er den perfekte ramma for ei musikalsk høgtidsstund med ein artist som har vunne Grappas debutantpris, Prøysenprisen og Spellemannsprisen. Med fem album i sin musikalske ryggsekk gler me oss til å høyre Frida Ånnevik med trioen sin sundag 16. juli.

Konserten inngår i festivalpasset, men du må reservere plass om du vil sikre deg plass. Det er begrensa plassar tilgjengeleg. Plass kan du reservere her.

Ordinær billett finn du her.

Kulturkyrkja i Onarheim

I 2011 fekk Onarheim kyrkje status som kulturkyrkje i Tysnes. Det er laga til ei utstilling der ein m.a. kan sjå eldre biblar, messehaklar og anna utstyr frå den gamle Onarheimskyrkja, samt eldre gjenstandar som er henta frå Tysnes kyrkje.

Kulturkyrkja på Onarheim skal vera ei Kulturkyrkje for heile Tysnes.Formålet er å styrkja forståinga av kyrkja som kulturberar i samfunnet, og gje folk gode og varierte kulturopplevingar.