11. – 14. Juli

Frida Ånnevik

Frida Ånnevik

Nokre stemmer får deg til å stoppe opp. Dei får deg til å gløyme kva du held på med. Du må berre lytta. Frida Ånnevik har ei slik stemme. Ei stemme som saman med sine unike komposisjonar og fortellarevne bringer fram det beste i eigne og andre sine låtar.

Me er stolte av å la Frida Ånnevik avslutte Tysnesfest 2023 i Kulturkyrkje på Onarheim. Kulturkyrkja er den perfekte ramma for ei musikalsk høgtidsstund med ein artist som har vunne Grappas debutantpris, Prøysenprisen og Spellemannsprisen. Med fem album i sin musikalske ryggsekk gler me oss til å høyre Frida Ånnevik med trioen sin sundag 16. juli.

Konserten inngår i festivalpasset, men du må reservere plass om du vil sikre deg plass. Det er begrensa plassar tilgjengeleg. Plass kan du reservere her.