11. – 14. Juli

FRIVILLIGPÅMELDING

Saman skal me laga DEN stemninga og opplevingar for tusenvis av feststemde menneske. Er du med???

Som Tysnesfest-hjelpar ventar me oss at du:

  • møter til avtala tid, er opplagt, edru og klar til dyst.
  • gjer ditt beste i den oppgåva du er satt til.
  • er 18 år, med unntak av einskilde oppgåver.
  • er høfleg og positiv og tar utfordringar med eit smil.

 

Som Tysnesfest-hjelpar får du:

  • kjenna på Tysnesfest frå innsida.
  • oppleving av fellesskap med gode kollega.
  • treffa nye vener, for livet.
  • mat og drikke medan du arbeidar.
  • festivalens tøffe t-skorte med logo av årets artistar på.
  • tilbod om å delta på friviljug-fest.

Litt info om oppgåvene:

TryggleikScene, streif, sikkerhetssjekk, rydding. Ei flott og variert oppgåve for den som likar å treffa folk, ta i eit tak, være festivalens blide fjes utad. Du hjelper folk på vei, trøster, gleder, er lystig og av og til litt bestemt.  

PublikumsserviceMed billettsal, drikke, og kundeservice i fokus. Ei viktig oppgåve, kor du skal gjera alt i di makt for at gjestene har det bra. Du må gjerne tåle eit høgt tempo, i latter og musikk, som lett kveldsgymnastikk og samstundes stråla med ditt gode humør.

Me treng frivillige både i Våge sentrum (dagtid) og på Gjerstad (kveld).

Parkering og miljø: Har trafikk og parkering i fokus, og er perfekt for deg med sans for rette linjer og smal passasje. (Ps: kan og setje deg på prøve pga. kreative parkerings-vanar hos folk 😉 ) Løysningsorientert er eit nøkkelord, og med smilet på lur løyse du oppgåva med suksess. Parkeringsvaktane sørger samtidig for at heile festivalområdet skinner.

Bar: I Salg av drikke til vårt feststemte publikum! Du klargjør drikke, tar imot bestillingar og betaling, leverer ut, og rydder. Det er travle timer tett på folk.

PS: I år vil me laga til ein eigen frivilligcamp der du kan slå opp ditt telt.

Skolekjøkken frivilligmat: Utan mat og drikke, duger helten ikkje! På skolekjøkkenet lager me mat til våre fantastiske frivillige, frå tidlig morgen til midt på natta.