11. – 14. Juli

Gåvedrysset før jul frå Tysnesfest fortsetter

Kva likar du helst å få? Harde eller mjuke pakkar? Tysnesfest har som vanleg litt for alle og som dei frekke smånissane me er så opnar me like godt pakkene før jul. 

Her blir det både knallhardt frå TNT og silkemjukt frå Highasakite, med ein deilig festpakke frå Tungevaag inne i denne nydelege julebuketten frå oss til deg. Tysnesfest sørger som vanleg for at alle får  noko dei likar. 

Highasakite, TNT og Tungevaag føyer seg inn i ei finfin rekke av artistar som kjem til Tysnes. Fra før er Astrid S, Ylvis, Kevin Lauren, Den BB, Ka2, Julie Bergan og Odd Nordstoga klar for sommarens høgdepunkt – Tysnesfest 2023. 

Highasakite

Highasakite har blitt eit av våre mest folkekjære band. Med utsolgte hus på årets haustturne, kritikerroste album med Mother som det siste og eit liveshow heilt utanom det vanlege har Highsasakite slått fast at dei er eit av Norges viktigaste band. Og sjølv etter ti år på vegen klarar Highasakite å fornye seg, «Ingen andre norske artister overgår dette showet” og “Highasakite til nye høyder” er nokre av overskriftene fra siste turneen. No er me spennklare for å oppleve kva Highasakite kjem med til Tysnesfest 2023. 

TNT

Kva ville norsk hardrockhistorie vore utan TNT? Det legendariske norsk/amerikanske bandet har sidan byrjinga på 80-tallet levert ikoniske plater, vunne prestisjetunge prisar og turnert verda rundt. No er det klart at Tony Harnell, Ronni LeTekrø og Diesel Dahl etter seks år vekke fra kvarandre igjen skal spela festivalar saman. Det betyr at Tysnesfest-publikummet for høyra låtar fra ein katalog som kan hamle opp med de fleste internasjonale hardrock-band. Det blir «Knights of the New Thunder», via “Tell No Tales” og “Intuition” til “My Religion, og sjølvsagt tidlause og vitale «Seven Seas» og «10,000 Lovers (in One)». Det er berre å reise rocke-banneret og gle seg til Tysnesfest 2023. 

Tungevaag

Ingen Tysnesfest utan det beste av dansbar pop og elektronika. Og når me snakkar om det beste så er Tungevaag verkeleg i superligaen. Sidan 2014 har Tungevaag sin musikk blitt streama over 6 milliardar gonger. Han har spelt med globale artistar og DJer som  KSHMR, Alan Walker, Kid Ink, Bassjackers og Blasterjaxxt for å nemne nokon. Live-setta er alltid energiske og Tungevaag har hausta lovord på store festivalar som Tomorrowland, Parookaville og Mysteryland. Det blir garantert høg stemning når Tungevaag kjem på scena under Tysnesfest 2023. 

Highasakite_2b
TNT_SoMe_picture_logo
Tungevaag_03141