11. – 14. Juli

Helene Bøksle opnar Tysnesfest

Helene Bøksle, kjend for sin trollbindande og unike stemme, er ei av dei fremste sangarane me har i Noreg. Med ein oppvekst ved fjordane og fjella i Sør -Norge passar ho perfekt inn i dei unike rammene for kystkonserten i Kjeviko. Musikken hennar er inspirert av havet, det nordiske landskapet og dei gamle folkeeventyra og hentar inspirasjon frå nordisk folkemusikk og moderne verdsmusikk.

 

Med seg til Tysnesfest har Helene Bøksle det unike musikalske prosjektet «Vegvisir», tilrettelagt spesielt for Tysnesfest. «Vegvisir» er opprinneleg eit gammalt norrønt symbol som skulle hjelpa reisande å navigera gjennom stormar og hardt vær. Med inspirasjon frå dette symbolet, har Helene Bøksle skapt ein musikk som er mektig og grensesprengande. Den reflekterer sjølve urkraften i naturen rundt oss.

 

Saman med Helene og bandet får me også oppleva Tysnes barnekor som i desse dagar øvar inn songane til Helene Bøksle.

 

Velkommen til ei unik oppleving i Kjeviko onsdag 12. juli med Helene Bøksle. Dette er ein konsert du ikkje vil gå glipp av.

Billettar til denne konserten finn du her.