JONAS LOVV er ein relativt fersk artist frå Bergen, men er på ingen måte ukjend i byens musikkmiljø. Han har spelt for fulle hus med fleire band dei siste 10 åra, og har faktisk og spelt på Tysnesfest med bandet Shuffle Baby i 2019.
Som soloartist har han lansert 3 låtar så langt, og selde ut debutkonserten sin i fjor vinter.
Det er ikkje berre i musikken JONAS LOVV uttykker sterke kjensler. Mote har blitt ein stor del av imaget hans, og oppfordrar alle til å tørra å vera seg sjølv, og ikkje la andre setja grenser for korleis ein skal uttrykka seg, både i mote og musikk.
Han jobber i desse dagar mot sin fyrste EP, «Fabulous Disaster»
JONAS LOVV skal opptre på Gjerstad torsdag 7. juli 2022!
Stiftelsen Tysnesfest pb. 20 5696
Tysnes Org.nr: 996 558 665
Generelle henvendingar: hei@tysnesfest.no
Administrasjon: Øystein Vaage
Ynskjer du å opptre hjå oss?
Send ein søknad til: booking@tysnesfest.no