11. – 14. Juli

Madrugada

Madrugada

Majestetisk. Storslått. Episk. Eit av norsk rock sine verkeleg store band med ikkje mindre enn fem Spelemannsprisar og ei rekke med album som alle har solgt til gull og platina. Med Norges kanskje beste vokalist i Sivert Høyem, den sterke signaturen til bandet, både lydmessig og visuelt, spelar Madrugada i sin eigen liga, som trassar både generasjonar, sjangrar og trendar. Det blir ein konsert for historiebøkene når dei vitjar Tysnesfest.