11. – 14. Juli

Lokal og delikat mat på tysnesfest

På Tysnesfest får du mat i for ein kvar smak, og du skal ikkje gå svolten på festival. Her er ein oversikt over dei mange gode tilboda du får under festivalen. 

I Våge

I Våge får du vårt eige Tentipi telt på brygga med kortreist mat frå Tysnes, lokalt øl frå Fitjar og cider frå Hardanger.
Her kan du til dømes nyte ein burger frå Garden på Dalland, servert i hamburgerbrød frå Fru Aarvik, med ost frå Myrdal gård, salat og tomat frå Toppe gartneri i Åsane, og sylta raudløk laga av Garden på Dalland. I tentipi teltet får du også servert frukost. På laurdag får me besøk av ei pizzavogn som sel ekte italiensk pizza til ein rimeleg penge. 

Bikuben foodtruck står ved inngangen til bryggene og sel nydeleg snackmat.

Pizzabakeren har kanskje Noregs raskaste og beste pizza on-the-go! Det ligg to boder i Våge hamn, her skal alle få! 

Potetbakeriet ligg som vanleg i Våge og sel skikkelege digge bakte poteter. Du får også kjøpt Thai Mat under marknaden.

Mandelhuset er kanskje Vestlandets finaste restaurant i sjøkanten og her får du servert ein rikhaldig ala carte meny med fokus på lokale produkt. 

Gjerstad Arena

På Gjerstad finn du Simple and Delicious, Potetbakeriet, Bra Burger, Los Tacos og Popcornfabrikken.