11. – 14. Juli

Heia MODS!

Musikklegendene i Mods kjem til Tysnesfest!

Det legendariske rocke- og popbandet Mods frå Stavanger gjenforeinast i år for nokre historiske festivalframføringar, og torsdag 11. juli kjem dei til Tysnesfest!

Konserten er ein hending fans av norsk rock har venta på med spenning. Mods blir sett på som “verdas største band” i på vestlandet og beviste det med bravur då dei i 2022 selde ut to gonger Viking stadion, som tilsvarer elleville 50.000 billettar!

Mods, som har sine røter på Rennesøy og i Stavanger, oppnådde stor suksess på 80-talet med album som «Revansj». Kjende for sitt unike lydbilde og tekstar på Stavanger-dialekt, bidrog dei til ein særegen bølgje innan norsk rock. Bandet er òg kjent for å ha vore startpunktet for Morten Abel, ein av Norges mest folkekjære artistar.

Låtane har levd gjennom generasjonar og “Tore Tang” er for mange blitt ein landeplage som blir dratt fram som ein slags identitet til heile Stavanger, men òg blir dratt fram kvar gong det norske kvinnelandslaget i handball har vunne noko dei siste åra. Det er sjølvforklarande at med titals millionar streams på sine gamle album er Mods eit band mange trykker til sitt hjerte over langstrakte land.

Dette blir ein eksklusiv og unik moglegheit til å oppleve Mods live, ein konsert som vil samle generasjonar rundt låtane som har overlevd i fleire tiår.


Ordinært Salg:
Det ordinære billettsalget opnar onsdag 20.mars kl. 10.00.


Kva om du ynskjer å gå på festival alle tre dagane? Då får du sjølvsagt rabatt. Innehavarar av festivalpass kan bruke referansekoden frå billetten for å få rabatt.

“Eg har festivalpass til fredag og lørdag frå før”: Då legg du inn referansekoden frå festivalpasset ditt i “promokode-feltet” på billettkjøpssida.

Videoforklaring: https://www.youtube.com/watch?v=infRPzfIvgI

“Eg har ikkje kjøpt billett frå før, men vil gå på alle konsertane under festivalen”: Velg 2-dagerspass Tysnesfest, og legg til MODS konserten som tilvalg etter du har trykka “Bestill” Dette er din sjanse til å vere ein del av historia.

Videoforklaring: https://www.youtube.com/watch?v=szmYXW4ovg4

NB: Ein billett pr. referansekode. Hvis du skriv inn referansekoden din, går vidare i prosessen, og av ein eller anna grunn må avbryte blir denne referansekoden låst ein periode. Vent minst 15 minutt og prøv igjen.  


Dette er din sjanse til å vere ein del av historia. Me ser fram til å skape uforgløymelege minner saman med dykk og MODS under Tysnesfest 2024.